hei og hopp fine og bra folk. i dag er det sondag og eg baker sirkuskuler. det er innmari lett og innmari godt. så tenkte de skulle få prøve å bake det sjølv, om de vil. for å lage sirkuskuler treng ein berre fem ingridiensar. havregryn, melis, bakekakao, smør og vaniljeessens. (eg fekk tjuefem ferdige kuler).
når eg lager mat eller baker, så er eg alltid så dårleg på å følge oppskrifter. eg likar best å berre bestemme litt sjølv. men i dag brukte eg ein stor kopp med havregryn. om du vil bruke ein vanleg kopp, så ta ein og ein halv.

også brukte eg ein halv kopp med melis. koppen min er framleis stor, så om du bruker ein vanleg, så ta litt meir enn ein halv.

deretter blanda eg havregrynet og melisen saman i ein bolle. også tok eg to store spiseskeier med kakao.

når du har blanda det tørre saman, så er det tid for det våte. smelt fire spiseskeier med smør, om du tek meir enn dette vil det bli heilt heilt omgleg å få til å lage kuler.

til slutt tømte eg smøret i det tørre og tok i fire-fem dråpar med vaniljeessens.

heilt til slutt laga eg kulene og lot dei stå i kjøleskåpet ein halvtime. og veit du kva? det smakte nydeleg. din tur!

bileta er private